Havenergi på auditoriet

Litt motseiande kanskje, sidan det eine er til havs og det andre på land, men dersom ein har besøk av Martin Jung Leine frå Runde Miljøsenter, så går det fint an.

I dag hadde dei aller fleste klassene i 1ST, 1ID og 1TT besøk av Jung Leine. Han er tilsett i ei 3-årig prosjektstilling ved senteret, ved Kompetansesenteret for havenergi. Han snakka om havenergi og bølgjer, noko som heilt sikkert blir viktigare og viktigare i framtida.

Frå heimesida til Runde Miljøsenter klipper vi denne: "Kompetansesenteret for havenergi på Runde Miljøsenter er eit av tre energisentra i fylket, der Smøla skal fokusere på vindenergi og Tingvoll på bioenergi. Runde Miljøsenter vil fokusere på bølgeenergi, tideenergi og varmeenergi frå havet, med supplement på osmosekraft og andre/nye energiformer."

Ein kommentar vi høyrde var: "Mykje meir interessant enn eg trudde!"

24.11.10