Kva er design? Korleis tenkjer ein designar?
"Design er så mykje. Det er form, det er funksjon og det er statement." Slik seier dei det på Kunstmuseet Kube si heimeside.
Utstillinga engasjerer både hjerne og kropp, sidan ungdommane får prøve dei forskjellige stolane og sjølve prøve seg med papir og blyant.
Heidi Rødstøl er strålande fornøgd med å få vere på UVS akkurat no. Ho skal vere her ei veke til og så reiser ho vidare. Ho trivest godt og synest elevane er engasjerte og interesserte.
Når ho ikkje reiser rundt med stolar i kofferten, er ho kunstnar.
Publisert: 13.02.11