Førre onsdag var det VG1-klassene som fekk høyre på eit foredrag av Christoffer Remøy Endresen, i dag er det VG2 og neste onsdag er det VG3.
Christoffer har jobba som assistent her ved skulen dette hausthalvåret. Han er tidlegare elev ved UVS og syklist, mest kjend for å ha sykla Noreg rundt for kreftsaka.
Det var ein engasjert og veltalande ung mann vi møtte på landskapet, med eit brennande ynskje om å få elevane til å forstå kor viktig det er å ha sjølvtillit og tru på at det dei vil gjere faktisk er mogleg.
Det viste seg å vere mogleg.
12.01.11