Då UVS hadde juleavslutning på SUFH vart det gjort heider på dei som gjekk inn i pensjonistane sine rekkjer i løpet av 2010 og dei som har jobba i fylkeskommunen i 25 år.
Desse flotte karane og dama har funne ut at no var det nok undervisning, karaktersetjing, personalmøter og rektormøter, så no skal dei verkeleg nyte sitt otium. Vi reknar med at dei kun gjer det dei har lyst til no, men heldigvis har dei òg lyst til å vere med på pensjonistsamlingane våre på personalrommet, så vi har ikkje mista dei heilt.
02.02.11