To ting på ein gong: Konsert og besøk
Forrige torsdag hadde 1TL1 besøk i frå Volda vidaregåande skule. Sidan klassa er så glade i å synge og spele, hadde dei funne ut at...
…det gav dei eit strålande høve til å halde ein aldri så liten konsert.
Som sagt så gjort: Auditoriet vart booka, gjestane kom, og i tillegg tok nokre av dei som går og spring i gangane på UVS òg turen innom.
Det vart visst ein flott konsert med gode tilbakemeldingar frå publikum!
13.04.11