Årets filmprisar ved UVS

VG2-klassane på studiespesialiserande og idrett har siste tida arbeidd med eit filmprosjekt i norskfaget. I dag var det framsyning av dei beste filmane frå kvar klasse med påfølgjande avstemming innanfor fire kategoriar i tillegg til ein fagjurypris (ein twistpose).

• Fagjuryprisen gjekk til klasse 2ST1 for filmen “To menn, men kven?”

• Prisen for beste tekniske produksjon gjekk til klasse 2ID2 for “Faderen”

• Prisen for mest originale ide gjekk til 2ST1 for filmen “To menn, men kven?”

• Prisen for beste skodespelarprestasjon gjekk til Marius Brekke i “Faderen”

• Prisen for beste film gjekk til 2ID2 for “Faderen”

Prisane vart delte ut av rektor Margaret Alme, og vinnarfilmen fekk i tillegg til diplom ei marsipankake til klassen.

06.06.13