Det var eit fole liv på landskapet i ettermiddag. Det var tilløp til babelsk forvirring, sidan det vart snakka både spansk, tysk, fransk, engelsk og norsk.
Kvifor? Jau, no skal du få høyre: Språkseksjonen her på skulen har arrangert framandspråkdagar dei to siste åra. Då har vi fått støtte frå Fremmedspråksenteret i Halden. Etter dagen i haust hadde vi fortsatt pengar å bruke. Så då kom ein genial kollega opp med ideen om å lage ein reklamesnutt om språkfaga her på skulen og kor viktig det er å lære språk.
Som sagt, så gjort. Vi laga dreiebok, som det heiter på fagspråket, og hyra inn Fantastiske Osberget. Så no berre gler vi oss til å sjå resultatet.
03.05.12