Finfin fellesavslutning for yrkesklassene
Det er slett ikkje berre vg3 og TT4 som er avgangselevar ved UVS!
Service og samferdsel, elektro og IK er òg avgangsklasser og for første gang vart dette markert på fellesen i dag. Det var vel på tide.
Godord vart utveksla, blomster vart utdelt og det summa godt rundt borda då vi var innom og tok bilde. Marsipankakene og sjokoladekakene fekk bein å gå på og lupinene strålte, men det var elevane som strålte mest.
Gratulerer med vel gjennomført studieretning!
Lykke til vidare, uansett om de skal ut i yrkeslivet eller de skal gå meir på skule :)
15.06.12