"Etter to dagar i Trondheim er TefX-klassa oppdatert på studentlivet, både når det gjeld sannsyn, oppgåvejuks, skip, utvinning av olje på djupt vatn og ikkje minst mannhull.
Klassa har arbeidd med modellskip som skulle konkurrere mot 22 andre skip frå heile landet. Skipa er designa med dataverkty og det viste seg at teorien for stabilitet diverre er riktig. Vi hadde rekna ut at skipet var på grensa til å velte og det stemte. Difor mista vi poeng i stabilitetstesten, men tross litt slingring kom vi fint i mål.
Etter å ha studert tekniske produkt og konstruert skip skal vi no ta fatt på forskningsoppdrag."
12.03.12