Det er eigentleg inga nyheit, men det var vel på tide å gi arrangørklassa 2ID1 litt blest på heimesida også og ikkje berre i Vikebladet Vestposten.
Arrangementet vart godt gjennomført, med rekordstor påmelding til Tinestafetten. Heile 49 lag var påmelde, det vil seie 490 ungdommar! Dei kom frå ytre søre, dvs Hareid, Ulstein, Herøy og Sande.
Det er ikkje berre berre å arrangere eit så stort arrangement, men 2ID1 let vel i ettertid og utgiftene til VG3-turen er noko lavare no enn før Tinestafetten 2013.
13.05.13