Han gjekk ut frå UVS i 1981 og vart i 2014 ein rimeleg ung nobelprisvinnar i lag med kona May-Britt Moser (frå Fosnavåg).
Både elevar, tilsette og tidlegare tilsette var samla i atriet og høyrde Moser fortelje om vegen frå UVS til Stockholm.
Han snakka om kunnskap og om å setje seg store mål og dele dei inn i mindre mål, om å vere frå Sunnmøre og vere av eit folk med initiativ, om ha ein brennande indre motivasjon og om å gjere det som interesserer deg.
Ulstein vgs er kanskje den einaste vidaregåande skulen i verda, iallfall i Norge, som har to nobelprisvinnarar!
No har fysikkromet fått namnet Edvard Moser, medan kjemiromet har fått namnet May-Britt Moser.
Vi er veldig stolte og veldig glade for å ha fått besøk av Edvard Moser.
16.12.15