Skulevalet på UVS er vel gjennomført

Det er sosialkunnskapsklassa på VG3 som arrangerer skulevalet og i dag fekk dei rekne på stemmegiving som likna litt på tidlegare år.

Resultatet føyer seg inn i ei lang rekke med liknande resultat.

Vi er tydelegvis ganske så blå her ute, for Høgre fekk 28,11% av stemmene, AP kom på 2.plass med 19,95% og FrP på 3.plass fekk 18,24%. Det vil seie at blåsida fekk 46,35% av stemmene!

Elles vart resultata som følgjer:
V - 11,58%
Blank - 5,15%
SP - 4,50%
Alliansen - 2,36%
MDG og SV fekk 2,14% kvar
KrF og PDK fekk 1,71% kvar
Pensjonistpartiet 0,85%
Kystpartiet 0,64%
Liberalistane 0,43% 
Raudt 0,42%

79,52% av elevane stemte.

Då vil vi berre ynskje resten av Noreg eit godt val! Vi håper at alle brukar stemmeretten sin, det er veldig viktig!

05.09.17