Frå og med skuleåret 2019/2020 vil vi gje tilbod om teknologi og innovasjon for ST-elevar

Dette er eit treårig løp i samarbeid mellom Ulstein vidaregåande og det lokale/regionale næringslivet og kommunale og regionale helsetenester. Fokusområde for linja er robot- og spelteknologi, velferdsteknologi og teknologi knytt til autonom transport.

Skulen ynskjer at programområdet skal motivere elevar til å innovere prosjekt og vere med på utviklinga i regionen knytt til dei mange spennande moglegheitene som ligg i både privat og offentleg satsing på teknologi.

Teknologi og innovasjon vil prege alle fag i programområdet gjennom prosjektarbeid, tverrfaglege oppgåver og teknologi nytta i undervisninga.

08.01.19