Påskehelsing frå rektor Margaret

Det nærmar seg påskeferie med stormskritt, og det har vore nokre merkelege veker fram mot denne ferien…

Rektor Margaret sendte oss denne helsinga på læringsplattforma vår i dag (ei læringsplattform som vi plutseleg var veldig glade for at vi hadde skifta til då for tre veker sidan).

Helsing til påske 🐣🐥🐣 

Kjære både elevar og tilsette. 

De har gjort ein kjempejobb siste tre vekene. Vi har klart å halde undervisninga i gong gjennom rein nettundervisning. Kven hadde tenkt den tanken i januar? At det skulle bli aktuelt? Eller at vi måtte ta det meir eller mindre over natta? 

Ingen seier at det har vore enkelt og eg trur alle saknar den normale skulekvardagen, ikkje minst det å møtest fysisk, å sjå kvarandre og snakke med kvarandre, sende kvarandre eit smil. Men vi har likevel klart å gjennomføre ein slags «normal» skulekvardag. Vi valde å halde på undervisning etter timeplanen. Dette for å ha noko kjent å forhalde seg til og ikkje skape meir forvirring enn naudsynt. Andre skular har lagt heilt om. 

I starten var de som elevar «overlessa» med arbeid, no håper eg det trykket ha letna litt. I følgje skuleeigar har det vore ei felles oppfatning blant alle elevane i fylket. 

I dag, fredag 3.april, ligg det ute ei spørjeundersøking som også omhandlar arbeidsmengda og vi håper alle elevane våre svarer på den. For lærarane våre har det også våre ei arbeidsam tid, men dei tok omstillinga på strak arm. Alle oss andre i skulen prøver så godt vi kan å halde den i gong, men det er snålt når det normale vert det unormale, som det å reise ut på skulen for å jobbe ein dag. 

Kva som skjer over påske veit vi ikkje enno, men ingen trur vi er tilbake for fullt 14.april. Kanskje kjem vi ikkje tilbake før ut i mai eller kanskje kjem vi ikkje tilbake i det heile dette skuleåret. Vi må vente på kva styresmaktene bestemmer.

 I morgon er det palmelaurdag og påskeferien startar. Sjeldan har vel ein ferie kome så passande som påskeferien i år. Ja, vi må halde oss heime og ute minner det meir om vinter enn vår, men ferie kan vi ta likevel. Bruk den godt og hugs å samle energi. Den kjem vi nok til å få bruk for også etter påske. 

Eg ønskjer alle, elevar og tilsette, ein retteleg god påskeferie. �

God påske! Vask hender og pass på dokke sjølve!