Bilde frå KI-kurset på UVS, 14. og 15.mai 2025
Synnøve Overå Hide
Vi brukte sjølvsagt den nye KI-laben ved skule som kursstad!
Kurset er ein del av det internasjonale prosjektet ProactSME.
Vi hadde deltakarar frå kommuner og bedrifter i regionen, og dessutan fekk elevane våre i 2IK1 vere med og ta aktivt del.
Kurshaldarane Emer Owens og Eamon Leonard kom frå Universitet i Limerick, Irland. Dei snakka blant anna om korleis KI vert brukt i praksis, og gav deltakarane hands-on erfaring med verktøy og metodar innan maskinlæring, inkludert bruk av Python, RAG-teknologi og AI-agentar.
Så korleis lærer ein best? Ved sjølv å jobbe med det, difor vart deltakarane delt inn i grupper som så skulle utarbeide eit prosjekt og jobbe med det dei hadde lært!
MEN ikkje minst var dette ei muligheit for både bedrifter og elevar å bli kjende, sjå korleis det blir jobba, for elevane å forstå at dei har mykje å kome med, og for at kreativiteten skulle blomstre.