Temadag RUS for alle skulen sine elevar

I samarbeid med Ung Arena Ulstein, skulehelsetenesta, kommunepsykologen, politiet og Ulstein ungdomsskule vert det også  i arrangert ein temadag for alle elevane på Ulstein ungdomsskule og Ulstein vidaregåande skule.

Denne vert på Sjøborg tysdag 29.oktober.

I samband med samlinga sender vi ut flg. skriv til foreldre og føresette: 

Konkrete råd som foreldre kan bruke i samtale med barna:

Å SNAKKE OM RUS
Born og unge blir eksponerte for rus, både direkte og indirekte, lenge før dei eventuelt debuterer sjølve. Difor er det viktig at ein som forelder står fram som rollemodell og samtalepartner. Mange foreldre synes det kan vere vanskeleg å ha ein god samtale med barnet sitt om rus. Her er nokre generelle råd.

Ver nysgjerrig
Snakk med, og ikkje til ungdommen. Still generelle spørsmål omkring temaet og la ungdommen få lov til å fortelje. Lytt til det som blir sagt og diskuter problemstillingane i større grad enn å moralisere og fordømme.

Våg å vere naiv
Ver modig i samtalen gjennom å våge å stille dei naive spørsmåla. Vi vaksne har svar på mykje, men ikkje alt. Prøv å forstå ungdommen din. Gode spørsmål treng ikkje vere store eller kompliserte, men skal bidra til bevisstgjering og å setje ting i perspektiv.

Skap initiativ
Ved å vere open og lyttande bidreg du til å gjere det lettare for ungdommen å ta initiativ til samtaler omkring rus når situasjonar oppstår. Signaliser at du er tilgjengeleg og ynskjer å snakke utan å instruere. Dilemma løyser ein ofte best saman med nokon.

Sett grenser
Ungdom er i ein alder der dei skal utfordre, skape sin eigen identitet og etablere verdiar. Som ledd i dette er det viktig at dei får hjelp til å sette sine eigne grenser. Som foreldre kan vi bidra til dette ved å vere tydelege på kvar grensene våre går og kva konsekvensar det får om dei blir brotne.

Involver vener
Ikkje ver redd for å ta opp temaet når fleire ungdommar er saman. Det å opptre som fasilitator i vennegjengen kan stimulere til felles bevisstgjering og styrke gruppemoralen.

 

Med vennleg helsing
Tomas Brandal Myklebust