Velkomstbrev til elevane (som også blir sendt i posten)
Er du ein av våre nye Vg1-elevar? Du finn velkomstskrivet her. (DOCX, 2 MB)
Er du ny Vg2- eller Vg3-elev, trykk her. (DOCX, 2 MB)
Skjema til utfylling
Dersom du er ny elev, finn du registreringsskjema her, der du skriv inn ymse informasjon som skulen treng. (DOCX, 2 MB) Leveringsfrist til kontaktlærar innan 23.08.
Skule og psykisk helse = sant
Ulstein vgs meiner at elevane skal vere trygge i skulekvardagen sin.
Difor fyl vi Vestre Viken sitt opplegg for eit trygt skulemiljø.
Det vil seie at vi har faste plassar (slik at når elevane kjem den første skuledagen, vil dei finne namnet sitt på pulten, dei slepper leite etter ein plass å sitje), vi har dagar der vi fokuserer på psykisk helse, vi prøver å ha augene og øyrene opne.
Programmet tilrår faste plassar fram til haustferien, men dei fleste vg1-klassene køyrer dette heile skuleåret. Det viser seg å ha god effekt på klassemiljø og trivsel i skulekvardagen.
Du må velje retning innan matematikk før du begynner til hausten
Vi ynskjer at alle elevar på idrett og studiespesialisering skal velje retning innan matematikk før dei tek til på VG1.
Du kan velje mellom 1P (praktisk - lenke til vilbli.no) og 1T (teoretisk - lenke til vilbli.no). Desse lenkene er ganske forklarande for faga, så gå gjerne inn og les.
Det vert undervist i to ulike matematikkurs på Vg1. Begge kursa er på 140 timar gjennom året og begge er avsluttande etter Vg1, det vil seie at karakteren kjem på vitnemålet.
Du vel matematikk på skolestart-nettsida.
For ST-elevar
Matematikk 1T (T står for Teoretisk retta) er tenkt for deg som er spesielt interessert i faget og meiner at arbeidet går fint, eller veit at du får bruk for mykje matematikk i vidare studie. Med 1T kan du gå vidare med matematikkursa R1 og R2 (matematikk for realfag) dei to neste åra her hos oss, eller du kan velje 2P.
Matematikk 1P (P står for praktisk retta) er mindre teoretisk, og mange vil nok sjå på det som eit enklare kurs enn 1T. Med 1P går du vidare på 2P neste år, dette gir deg kompetanse til å kunne søkje på alle studie som ikkje har særskilde krav til matematikk.
For ID-elevar
Matematikk 1T (T står for Teoretisk retta) er tenkt for deg som er spesielt interessert i faget og meiner at arbeidet går fint, eller veit at du får bruk for matematikk i vidare studie. Med 1T kan du gå vidare med matematikkurset R1 (matematikk for realfag) det neste året her hos oss, eller du kan velje 2P.
Matematikk 1P (P står for praktisk retta) er mindre teoretisk, og mange vil nok sjå på det som eit enklare kurs enn 1T. Med 1P går du vidare på 2P på Vg2, dette gir deg kompetanse til å kunne søkje på alle studie som ikkje har særskilde krav til matematikk.
Val av språk
Språkval gjeld berre for elevar på ID og ST.
Elevar utan tre år med framandspråk i grunnskulen (engelsk tel ikkje som framandspråk), skal starte med framandspråk I+II og skal ha dette språket alle dei tre åra på vgs. Vi tilbyr tysk I+II.
Elevar med tre år med framandspråk i grunnskulen (engelsk tel ikkje som framandspråk), kan velje å halde fram med det same språket på nivå II (spansk eller tysk) eller å starte med eit nytt språk på nivå I (tysk). Desse elevane er «ferdige» med framandspråk etter Vg2.
Ved Ulstein vgs kan du velje mellom språka spansk II, tysk I, tysk I+II og tysk II.
Klassedeling - prinsipp
Ulstein vgs fyl desse prinsippa ved klassedeling:
- Kjønn, så jamn fordeling som mogleg
- Geografi, så jamn fordeling som mogleg, vi prøver å blande elevar frå ulike bygder
- Inntakspoeng, mest mogleg like klasser i høve fagleg nivå
- Samling av ressursar
- Vi prøver å unngå nære slektsrelasjonar mellom elev og lærar viss dette er mogleg å få til
- Rapportar/meldingar frå ulike instansar som PPT, helsevesen, rådgjevarar og andre
Skule-PC eller ta med din eigen PC eller Mac?
Skulen vil på det sterkaste anbefale elevane på Vg1 å registrere seg for å få ein skule-PC. For å få PC til skulestart må du bestille snarast mogleg.
Meir informasjon og bestilling finn du under PC-ordninga på nettsida https://skolestart.mrfylke.no/.
For at denne PC-en skal verte utlevert første skuledag, må også føresette ha signert digitalt på bestillinga før skulestart. Signering skjer på https://skolestart.mrfylke.no/
Så betalar du kvart år inn samme beløp som det minste utstyrstipendet som alle får (dette skuleåret er det 1359 kr) dei åra du går på UVS (basert på tre års skulegang). Det vil seie at du ikkje betalar noko for PC-en, eigentleg, sidan du brukar stipendet som du får av Lånekassen.
Då får du ein glimrande god skule-PC!
Dersom noko går gale, får du låne-PC medan du ventar på at den blir fiksa eller at du får ein ny. Når du er ferdig med vgs, er PC-en din for evig og alltid.
Lånekassen
På Lånekassen sine nettsider kan du enkelt søke om stipend for gjeldande skuleår. Du finn mykje informasjon og korleis du søker på Lånekassen sine nettsider.
Så korleis var det med det utstyrsstipendet igjen?
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, same kor mykje foreldra dine tener. Hugs at du må søkje for å få stipendet.
Storleiken på dette stipendet er avhengig av kva utdanningsprogram du går på. Er du ST-elev får du minimumsbeløpet. Er du derimot ID- eller YF-elev får du andre summar grunna du treng meir utstyr for å gå desse utdanningsprogramma.
Når kan eg søkje?
Du må takke ja til skoleplass før du kan søkje om stipend og/eller lån. Du kan ikkje søkje dersom du står på ventelisteplass, du må vente til du har takka endeleg ja til ein skoleplass.
Kvar kan eg søkje?
Du kan logge inn på vigo.no og søkje derifrå når du seier ja takk til skoleplass. Du loggar inn med MinID.
Du kan også søkje frå Lånekassen sine nettsider. Du loggar inn med MinID.
Korleis får eg pengane?
Du sjekkar resultatet av søknaden på Dine sider på lanekassen.no. Logg inn med MinID. Når søknaden er behandla, sender lånekassa vedtak og avtale om støtte direkte til din folkeregistrerte adresse eller postadresse (dersom du har lagt den inn på postadresse på Dine sider).
Vedtaka blir også lagt i postkassa på Dine sider, om du har samtykka til elektronisk kommunikasjon med Lånekassa. Er du 18 år kan du også signere avtalen om støtte elektronisk.
Er du under 18 år, må også ein av foreldra / føresette skrive under på avtalen.
Ingen får utbetalt pengar før skulen har starta.
Snarvegar
Video som viser deg alt du treng vite for å kome deg på nett
Her finn du oversikt over læreplanane for vidaregåande opplæring.