Du lærer
- idéutvikling og kreativ problemløysing
- om brukarstøtte, nettverk, IT-sikkerheit og programmering
- innhaldsformidling og historieforteljing
- foto, film og grafisk design
- kommunikasjon og marknadsføring
Du bør vere
- kreativ
- interessert i IT, nettverk og programvare
- interessert i visuelle uttrykksformer
- nøyaktig
Du kan bli
- IT-utviklar eller IT-driftsteknikar
- mediedesignar, medieteknikar eller medieprodusent
Sjå alle yrke og kompetansar
Arbeidsstader
- IT-driftsselskap og IT-avdelingar
- multimediebedrifter, reklamebyrå eller forlag
Videre utdanning
Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev). Etter fullført yrkesfagleg opplæring kan du gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning:
Du kan ta vidare utdanning på fagskole. Ei fagskoleutdanning er ei kort og yrkesretta vidareutdanning som er meint for dei som har gått yrkesfag.
Du kan ta Vg3 påbygging til generell studiekompetanse– etter Vg2 eller– etter oppnådd yrkeskompetanse. Då har du høve til å ta høgare utdanning ved høgskole eller universitet. Hugs at nokre studium, til dømes ingeniørstudium, realfagsstudium og medisinske studium, føreset at du har visse realfag.
Du kan også søkje opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er meint for deg som har relevant yrkeskompetanse. Forkurs og Y-vegen er vanlegast innanfor realfags- og ingeniørstudium.
Les meir om Y-vegen hos Samordna opptak.