Ulstein vidaregåande skule

Det nærmar seg skulestart!

Her på Ulstein VGS er vi opptatt av at elevane skal trivast, at dei skal jobbe godt og kjenne meistring.

oversiktsbilde av skulen og Ulsteinhallen

Nytt skuleår startar 18.august!

Kl.08:20

Vi gler oss til å bli kjende med dokker som vil vere heilt nye for oss og vi gler oss til å sjå igjen dokker vi sa “Sjåast i august!” til i juni!

Takk ja til skuleplass no i starten av juli, sjølv om det kanskje ikkje er skulen du helst vil gå på. 

Det er mulig å setje seg på lokal venteliste, som vi plukkar av dersom vi har ledig kapasitet etter at det ordinære inntaket er ferdig. Du finn meir informasjon om det her på sida vår.