Utvekslingsår for elevar ved Ulstein vgs

Godkjenning av vidaregåande opplæring i utlandet

I løpet av juni 2013 kom Utdanningsdirektoratet med fleire presiseringar i høve krav til å få vitnemål etter skuleår i utlandet.

“Det kan være slik at selv om eleven får godkjent en helt opplæringsår, vil det være fag hun eller han må ta som privatist på det nivået som ble godkjent. Dette vil særlig dreie seg om fellesfag hvor det settes standpunktkarakter på Vg1 eller Vg2.”

Presisert informasjonen om godkjenning av vidaregåande opplæring i utlandet:

Her er dei viktigaste punkta:
- Elevane må oppfylle krava for å få vitnemål.
- Dei same krava gjelder for elevar som har fått godkjent eit år frå utlandet, dei må altså ha framandspråk og geografi.
- Viss eleven ikkje har hatt framandspråk eller geografi i utlandet, må han eller ho ta faget når dei kjem heim.
- Fylkeskommunen kan godkjenne framandspråk eller geografi frå utlandet, eller delegere ansvaret til skulen.
- Krava for å få godkjent faget er at innhaldet i faget er likeverdig eller meir omfattande enn faget i Noreg.
- Elevar på yrkesfaglige utdanningsprogram skal ha dei same mulegheitene som elevar på studieførebuande til å reise på utveksling til utlandet.

Presisert informasjonen om godkjenning av vidaregåande opplæring i utlandet.

Rektorar ved dei vidaregåande skulane og fylkeskommunane har eit ansvar for å informere elevar og foreldre som planlegg eit utvekslingsår om reglane og krava til vitnemål.

I denne lenka finn du alt om reglane for godkjenning, og spesielt kravet til framandspråk (Udir)

Nærare informasjon gjeldande UVS: Utvekslingselevar på Vg2

For utvekslingselevar på Vg2 vil dette gjelde for dei fellesfaga som har standpunktkarakter på dette årstrinnet.

Ein skal i utgangspunktet “finne att” faga sine i utlandet, dette gjeld både fellesfag og programfag. Ein kan få året godkjent, men kan kome i ein situasjon der ein må pårekne privatisteksamen i dei standpunktfaga ein ikkje har hatt i utlandet.

I tillegg til matematikk på minimum 2P, vil det i praksis gjelde dei elevane som har framandspråk på nivå I eller II, medan dei som har framandspråk I+II avsluttar med standpunktkarakter først etter Vg3. For elevar på idrettsfag gjeld det også geografi og samfunnsfag.

For både studiespesialisering og idrettsfag må ein også “finne” programfaga i utlandet for at dei skal kunne godkjennast som likeverdige eller meir omfattande enn faga du skulle hatt ved Ulstein vgs.

“Skeive” skuleår

Ulstein vgs har valt å ikkje førehandsgodkjenne skuleår på Vg2 til elevar som vurderer skuleår i td Australia, New Zealand og andre land der skuleåret fyl kalendaråret. Dette gjeld dersom siktemålet er at ein skal gå rett inn att på Vg3 etter utvekslingsåret. Dette skuldast at ein der ikkje kan få fullført eit heilt skuleår på det rette nivået.

Her må utvekslingselevane pårekne å starte på Vg2 når ein kjem tilbake til Ulstein vgs.

Alternativt kan ein starte utvekslinga etter første termin på Vg1, for så å kome tilbake og ta 2. termin Vg1, deretter fyl ein Vg2 og Vg3 som ordinær elev ved Ulstein vgs eit år seinare enn “sitt” årskull.

Døme på brev til førehandsgodkjenning for elev som går studiespesialisering:

Med utgangspunkt i at du ynskjer å gå Vg3 studiespesialisering ved Ulstein vidaregåande skule skuleåret XX/ZZ, stadfestar vi med dette at du kan få godkjent skuleåret xx/yy, som du skal gjennomføre som elev ved ein vidaregåande skule i ______________________, i staden for Vg2 studiespesialisering ved UVS.

Vilkåra er at du:

  1. kan dokumentere at du har fulgt alle fag i heile skuleåret i utlandet
  2. kan dokumentere at opplæringa i utlandet er gjennomført på eit fagnivå tilsvarande Vg2, både faginnhald, fagkarakterar og omfanget i faget må dokumenterast
  3. kan dokumentere at innhaldet har hovudvekt på allmenne/studieførebuande fag(general studies) for å kunne godkjennast som likeverdig med Vg2 studiespesialisering
  4. syter for at opplæringa i utlandet inneheld minst to fag du kan bygge vidare på i Vg3, for å tilfredsstille kravet til programfag i det valde programområdet(språk, samfunnsfag og økonomi), du kan nytte “blokkskjemaet” som rettesnor
  5. syter for at du har det naudsynte faglege grunnlaget for å følgje opplæringa på Vg3-nivå
  6. dersom du ikkje vel matematikk i utlandet må du rekne med å ta dette som privatist når du kjem heim, minstekravet for å få vitnemål er matematikk tilsvarande 2P
  7. dersom du ordinært skulle hatt standpunktkarakter i framandspråk etter Vg2, og ikkje har hatt undervisning i faget gjennom utvekslingsåret, må du pårekne å ta dette som privatist når du kjem heim

Dersom du ikkje kan dokumentere krava ovanfor må du rekne med å ta dei faga du manglar som privatist."

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.