Om du ikkje alt har fått det, kjem du snart til å få invitasjon frå skulen.
I den står følgjande:
Velkomen til hospitering ved Ulstein vidaregåande skule, veke 46 2025
Ulstein vidaregåande skule er ein kombinert skule som gir tilbod innan fleire programområde. Skulen ligg i Ulstein kommune i nærleiken av Høddvoll stadion, med sine ulike idrettsanlegg.
 Skulen tilbyr følgjande programområde:
- elektro og datateknologi
- idrettsfag
- informasjonsteknologi og medieproduksjon
- påbygging til generell studiekompetanse
- sal, service og reiseliv
- studiespesialisering
Denne store breidda i fagtilbod gir oss eit samansett og interessant skulemiljø.
Ulstein vgs har eit godt samarbeid med både næringsliv og andre aktørar. Dette samarbeidet ynskjer vi å føre vidare til det beste for heile regionen.
Gjennom hospiteringa ved skulen vår, ønskjer vi at du som elev skal få eit godt grunnlag for å velje det utdanningsprogrammet som passar best for deg.
På hospiteringsdagen møter du i Atriet inne i «sentrum» i det grå skulebygget. Her vil du bli møtt av fadrar som vil lose deg på rett plass i løpet av dagen.
Du må hugse å ta med matpakke til denne dagen. Det er også høve til å kjøpe seg mat i skulen si kantine.
Hospiteringsdagen er slutt kl 13.45.
Sjå elles «dagstimeplanane» for dei ulike utdanningsprogramma. Les desse for å få informasjon om kva utstyr du må ta med deg, dette gjeld særskilt for dei som skal hospitere på idrettsfag.
Hugs å ta med deg skrivesaker. Vi minner om at dette i størst mogleg grad skal vere ein ”normal” skuledag ved Ulstein vidaregåande skule.
Vi ønskjer deg vel møtt til hospiteringa. Gjer deg god nytte av dagane, slik at du gjer det rette utdanningsvalet.