Praktisk info til besøkande og kursdeltakarar

Vi ønskjer velkomne til skulen, og håper besøket vert lærerikt og fint.

Parkering: Besøkande parkerer sør for skulen ved sidan av Høddvoll stadion. Sjå kartutsnitt under.

Administrasjon: Vegen til administrasjonen er skilta inne i hovudbygget.

Brannalarm på hovudbygget: Om brannalarmen vert utløyst, går alle til parkeringsplassen aust for skulen (mot Hareid). Det vert oppmoda om å gjere seg kjend med oppslått branninstruks på skulen.

Brannalarm i Ulsteinhallen: Om brannalarmen vert utløyst, går alle til kunstgrasbana (vest for Ulsmohallen). Det vert oppmoda om å gjere seg kjend med oppslått branninstruks i Ulsteinhallen.

Røyking/snus: All bruk av tobakk er forbode på skulen sitt område, både innandørs og utandørs.

Kart over skuleområdet: